Spelar via Spotify Spelar via YouTube
Hoppa till YouTube-video

Laddar spelare ...

Skrobbla från Spotify?

Anslut ditt Spotify-konto till ditt Last.fm-konto och skrobbla allt du lyssnar på från alla Spotify-appar på alla enheter eller plattformar.

Anslut till Spotify

Avvisa

En ny version av Last.fm finns tillgänglig, uppdatera sajten så att allt fortsätter att fungera ok.

Biografi

Alexey E. Kurbanov er organist, pianist og komponist. Han er i dag (sidan 2000) organist og musikkskulelærar i Aure (Møre og Romsdal, Noreg).

Fødd i 1971 i den gamle vikinghovudstaden Novgorod (Holmgard) i Gardarike (Russland, Sovjetunionen). Utdanna frå ein av verdas beste musikkinstitusjonar – Leningrad/St. Petersburg Rimsky-Korsakov Musikkonservatoriet, ogso frå Rotterdams Conservatorium. Kunstvitskapskandidat.

Alex hev komponert ca. 180 verk for forskjellege instrumentale og vokale setnader.

Sidan 1984 hev han drive med konsertverksemd i Sovjet/Russland, Noreg og andre land, båe solo og i samarbeid med fleire andre musikarar. Han spelar forskjellege tangentinstrument: orgel, piano, harmonium, cembalo og klavikord. Han spelar musikk i nesten alle slags sjangrar, frå klassisk til slager- og filmmusikk.

Alex deltok i diverse musikkprosjekt (m.m. i musikalen "Spelmann på taket", 2001, Aure og Brekstad), i samling av folkemusikkboka "Enno så segla ho Magnill", Nordmøre Mållag, 2002. Han er aktiv målmann og mållagsmedlem.

Han er óg medlem i St. Petersburg Union of Composers, Deutsche Richard-Wagner-Gesellschaft, TONO, GRAMO, MFO, GramArt, Det Norske Orgelselskap, Svenska Orgelsällskapet, EPTA Noreg, Trondheim Kammermusikalske Selskap, Griegselskapet i Oslo og FolkOrg (lokallag – Nordmøre Spelmannslag).

Alex er tildelt Kuilturprisen for Aure kommune for året 2009.

Han hev spelt inn piano-CD "Vintermusikkens store perler" (2008) og dessutan medverka på Nordmøre Spelmannslag sin jubileums-CD "…og slåtten klang døyvd i moll" (2012).

UTDANNING:

- 1980 – 1986: Rachmaninoff musikkskule, Novgorod, piano (lærar – T. Konkova) og fakultativ i komposisjon (lærar – B. Zorin)

- 1986 – 1990: Spesialisert musikkskule-lyceum, Leningrad, komposisjon (lærar – S. Wolfensohn), musikkteori (lærar – S. Belkina), piano (lærar – N. Brovermann) og fakultativ i orgel (lærar – O. Minkina)

- 1990 – 1995: Hovudstudium ved Rimsky-Korsakov Musikkonservatoriet, Leningrad/St. Petersburg, 1990 – 1995, komposisjon hjå professor A. Mnatsakanian og orgel hjå professor N. Oxentian. Diplom ”magna cum laude”

- 1993 – 1994: Utvekslingsstudent ved Rotterdams Conservatorium, Rotterdam, Nederland, orgel (lærar – B. Winsemius), improvisajon (lærar – A.J. Keijzer), komposisjon (lærar – K. de Vries) og piano (lærar – C. Steinroth)

- 1995 – 1998: Etterhøgutdanning ved Rimsky-Korsakov Musikkonservatoriet, St. Petersburg, orgel hjå professor N. Oxentian og fakultativ i cembalo hjå dosent E. Seredinskaya. Musikkavhandling hjå prof. dr. S. Hentova

- 27. mars 2000 forsvarte Alex avhandlinga "Russisk orgelmusikkutvikling 1960-åra til 1990-åra" ved musikkonservatoriet i St. Petersburg. Fekk kunstvitskapskandidatgrad

Alex hev óg delteke i diverse seminara og mesterklasser i orgel, cembalo og piano, m.m. i seminar for kyrkjemusikarar i Bergen (2005), Göteborg International Organ Academy (Göteborg, Sverige, 2004, 2006 og 2007) og Smarano Organ and Clavichord Academy (Smarano, Italia, 2008 – 2010).

(Biografien er henta frå Alex si offentlege vevside: www.alex-musica.ru)

Redigera denna wiki

Vill du inte se annonser? Abonnera nu

API Calls