• Bad Spit

    17 Apr 2006, 23:35 by StBruno

    Bad Spit er ein sjuk, sjuk mann. Heilt frå han platedebuterte på Kapabels "Istainn-T EP" i 2000 har han skilt seg ut både som ein av dei teknisk dyktigaste MCane på den norske rap-scena og som landets fremste eksponent for såkalla horrorcore/gore-rap.
    I 2002 solodebuterte Bad Spit med vinyl-EPen "Sure Oppstøt", som òg var første gongen me støtte på F-Word aka Støgg som Faen, ein undervurdert rappar med ein hang for sære, perverse og ikkje minst underhaldande tekstar. To år etter kom albumet "Bag full av våpen, hodet fullt av dataspill", som i tillegg til Bad Spits eigne glimrande fleirstavingsrim inneheldt bidrag frå jaa9 & onkl p, Namsosværingen Grotesk og sjølvsagt Støgg som faen. Norske platebutikkar bør skamma seg for ikkje å ha teke inn dette audiobrotsverket.
    Bad Spit er òg medlem av Armageddish Fetish Militia saman med Stillborn, makaber frå Bortalaget, Shitrich, Grotesk og ikkje minst Støgg som faen. …
  • Vågsbygd Handy

    4 Mar 2006, 03:45 by StBruno

    Vågsbygd Handy er ei rapgruppe frå Vågsbygd utanfor Kristiansand som består av dei to mentalt ustabile ordsjonglørane Tor Even Terror og Skeletor Ceacescu. Dei er i disse dagar aktuelle med debutalbumet sitt "Hverdagsninja", som diverre har fått altfor lite merksemd i nasjonale media, både i mainstreamen og i hiphopmiljø. Sjølv har eg nett tinga albumet frå handy-shoppen på www.sone12.com, og oppmodar alle andre til å gjera det same. Albumet inneheldt m.a. gjestevers frå Bad Spit, Grotesk og Postal og produksjon frå Salvador (Darkside of the Force) og DJ Pani; men hovudgrunnen til å kjøpa det er dei to rapparane, som nok kan reknast som Sørlandets største språkkunstnarar sidan Jens Bjørneboe. Det lyriske tekstinnhaldet er sannsynlegvis sjukt (eg har ikkje høyrd albumet enno), då gutane har gjort nettopp absurditet og sjuke ting til sitt varemerke.
    Folk som ikkje har høyrd desse menneska bør snarast klikka seg innom www.sone12.com eller www.myspace.com/vaagsbygdhandy, der det går an å høyra på kva dei har å seie.