Journal

  • Topp 10 ein gong til

    13 Aug 2006, 21:31 by StBruno

    1. The Who
    Som alle veit er The Who tidenes beste band. Denne veka høyrde eg på "Live at Leeds" og "Sell out"
    2. Cam'ron
    Cam'Ron er ein fantastisk artig kar.
    2. S.A.S
    S.A.S høyrer med i verdseliten. Det er ikkje til å koma i frå når ein høyrer korleis dei flyt.
    4. Bigz
    Denne veka kom nyhendet om at britiske Sway (sjå 8.plassen) skal til Bergen 7. oktober. Eg høyrer sjeldan på Sway, sidan han er såpass sær, men kompisen Bigz får mykje speletid i iTunesen min.
    5. Paul Wall & Chamillionaire
    Eg fekk etter mykje om og men endeleg tak i "Get ya mind correct" og "Controversy sells"-albuma. Det var grisekjekt. Betre enn alt anna dei to har vore borti på eiga hand.
    6. The Loudmouf Choir
    Teknisk sett har eg høyrd på Opaque, men soloalbumet hans går inn under Loudmouf Choir i boka mi.
    7. Tom Gist
    Tom Gist er mest undervurdert i The Diplomats. I dag sendte eg han ni ulike beats eg håpar han likar. …
  • A-Laget

    19 Jun 2006, 01:17 by StBruno

    A-Laget kjem frå Bergen og består av rapparane Vågard, Pete'n og Girson og DJen Boge. Særleg Vågard & Pete'n er kjende for vers fylde med swagger og avansert rapteknikk, og med produksjon frå det beste av den norske vestkysten vert det mykje fin hiphopmusikk av det.

    No er karane ute med gratismixteipen "Nokke feita vol.1: Utrygt for utflipp", som de kan lasta ned på www.atpmusic.no. Meisterverket består av tolv låtar, der Lars frå Tiern & Lars dukkar opp på tre spor, og to skits. Beats har gutane fått frå hkon, Nja'al, I. Forgot & Harry West og Even Brenna, og det er gjennomgåande betre enn mesteparten av den norske hiphopen det går an å få kjøpt.
  • Area

    17 Jun 2006, 03:14 by StBruno

    Om ein ser bort frå ATP, er Area den beste rapparen Bergen har å by på. Karen var tidlegare med i Vågards Hollaback crew som ein del av gruppa Rejects, men det er som soloartist han verkeleg har vist seg fram.

    I 2005 slapp han mixteipen "Best of FY" saman med produsenten hkon og rapparen OveLution. Her viste han at han meistra både engelsk og norsk (sjølv om han personleg ikkje likar sin eigen innsats på morsmålet), både jacka beats og Hkon-produksjonar, både seriøse tema og hemningslaust sjølvskryt, både soloflukt og "duettar".

    Som artist har Area alt som trengs for å bli stor i rapverda: Han har flowen, tekstane, utsjånaden og stormannsgalskapen til ei stjerne, og med beats frå vidunderbarnet over alle vidunderbarn Hkon vert det garantert vakker musikk av det.

    No er Area aktuell med mixteip-albumet "Before the first impression of Area", som er ditt for hundre kroner om du hookar opp med han på espen_drivenes@hotmail.com. Høyr smakebiten "Oh my lord" og diverse eldre greier på www. …
  • Hkon

    29 May 2006, 21:40 by StBruno

    hkon kjem frå Fyllingsdalen og er ein jypling som sit mykje på rommet sitt og slenger saman ulike lydar til hiphopbeats. Dette er han usannsynleg flink til, og lista over menneske som har rappa på kreasjonane hans er både lang og fin: Tiern & Lars, Vågard, Klap Montana, Skurke Sprett, Kompani 69 og hans eigne artistar Ovelution & Area og Broder Jo er berre toppen av isfjellet.

    For tida har guten slengt ihop ei samling eigenproduserte songar og lagt ut på det store og farlege internettet for fri nedlasting. Utvilsamt ein sympatisk gest, då mange av oss ikkje har så mykje pengar som me gjerne skulle hatt. Mixteipen inneheldt bidrag frå Kompani 69, Vågards nye gruppe A-Laget, Area (som òg hostar meisterverket), Gutta På Skauen, franske Dom, Eventuelt Problem m.m, og er mogleg å få tak i på http://www.skvadronen.com/Hkonbeatz-Straight_outta_FY_mixtape.zip.

    Last ned, brenn ut og bump som ein upopulær forumtråd.